Konservator Mads Langnes held landbrukshistorisk foredrag om det store omskiftet nessetbygdene gjekk gjennom på 1800-talet. Langnes vil fortelje om korleis nessetbøndene stilte seg til det nye landbruket som voks fram.
I samarbeid med Nesset Bonde og Småbrukarlag og Nesset Bondelag vil det også bli vist fram ein del landbruksreiskap og utstyr frå denne tida, og mange bilete frå fotosamlinga til museet.